IntegrasjonarXero
Brukar du Xero? Ta kontroll på prosjektmarginane.
Kople ProfitTracker til Xero og følg prosjektbudsjett, innkjøpsordrar og venta resultat, også opne kostnader som ikkje er bokførte enno.
Ingen betalingskort. Hald fram med Xero.
- Behald Xero
- Dagleg synkronisering
- Gratis oppstartshjelp
Kostnadene kjem før fakturaene. Det bør oversikta også gjere.
ProfitTracker samlar påløpte kostnader med opne og planlagde innkjøp, så du kan følgje venta resultat medan prosjektet pågår.
4120Kanalnett og delarpå eksempelprosjektet P-24112Budsjettposten slik han står i ProfitTracker, med tal frå demoprosjektet.
Meir prosjektkontroll. Same Xero.
Følg prosjektmarginane undervegs
Sjå korleis påløpte, opne og planlagde kostnader påverkar venta prosjektresultat.
Hald oversikt over opne innkjøp
Innkjøpsordrar er med i kostnadsprognosen før leverandørfakturaene er bokførte.
Mindre dobbeltregistrering
Prosjekt- og transaksjonsdata blir brukt om igjen i ein samankopla arbeidsflyt med Xero.
Sjå marginane på dine eigne prosjekt.
Prøv ProfitTracker gratisKundar, leverandørar og produkt begge vegar, fakturaer ut, timar inn
Blir henta frå Xero éin gong i døgnet og når du trykkjer Synkroniser no.
To system. Éi samla oversikt over prosjektøkonomien.
Prosjektbudsjett, innkjøpsordrar, salsordrar, fakturering, lagerprodukt, prosjektresultat og kontantstraum.
Bokføringa og dei rekneskapsoppgåvene Xero har ansvar for, som før.
Data blir synkronisert med Xero automatisk éin gong i døgnet, og du kan starte ei synkronisering manuelt når du treng ferske tal.
Kom i gang i tre steg
Start den gratis prøveperioden din
14 dagar gratis, utan betalingskort.
Kople til Xero
Tilkoplinga gjer du frå ProfitTracker, der du vel Xero-organisasjonen din.
Få oversikt over prosjekta
Set opp prosjekt og budsjett, og følg innkjøp, fakturering og venta resultat.
Gratis oppstartshjelp. Vi hjelper deg med tilkoplinga og oppsettet, så du kjem raskt i gang.
Vil du heller ha ein demonstrasjon? Be om demo.
Kva data blir synkronisert mellom ProfitTracker og Xero?
Eit samandrag først, deretter heile oversikta.
Salsordrar, Innkjøpsordrar, Leverandørartiklar
Prosjekt, Kundefakturaer, Kreditnotaer
Kundar, Leverandørar, Kontaktpersonar, Produkt, Innbetalingar
Timar
| Data | Retning | Forklaring |
|---|---|---|
| Salsordrar | Berre i ProfitTracker | Blir oppretta og handtert i ProfitTracker. Blir ikkje sendt til Xero. |
| Innkjøpsordrar | Berre i ProfitTracker | Blir oppretta og handtert i ProfitTracker. Blir ikkje sendt til Xero. |
| Leverandørartiklar | Berre i ProfitTracker | ProfitTracker har eigne leverandørartiklar, fordi ikkje alle rekneskapssystem har noko tilsvarande. |
| Prosjekt | ProfitTracker → Xero | ProfitTracker er master. Prosjektet blir også oppretta i Xero. |
| Kundefakturaer | ProfitTracker → Xero | ProfitTracker er master. Fakturaen blir laga i ProfitTracker og overført til Xero. |
| Kreditnotaer | ProfitTracker → Xero | ProfitTracker er master. Kreditnotaen blir overført til Xero. |
| Kundar | Begge vegar | Blir synkronisert begge vegar. Brukarar kan opprette nye kundar i ProfitTracker. Endring og sletting i ProfitTracker krev administrator. |
| Leverandørar | Begge vegar | Blir synkronisert begge vegar. Brukarar kan opprette nye leverandørar i ProfitTracker. Endring og sletting i ProfitTracker krev administrator. |
| Kontaktpersonar | Begge vegar | Blir synkronisert begge vegar. |
| Produkt | Begge vegar | Varenummer, namn, eining, pris og om vara er ei lagervare. Antal på lager blir ikkje synkronisert. |
| Innbetalingar | Begge vegar | Betalingar på fakturaene blir henta inn, og innbetalingar du registrerer i ProfitTracker, går til Xero. |
| Timar | Xero → ProfitTracker | Xero er master. ProfitTracker hentar timane, men sender ikkje endringar tilbake. |
«Berre i ProfitTracker» betyr at sjølve objekttypen blir handtert i ProfitTracker. Data blir synkronisert automatisk éin gong i døgnet, og du kan også starte synkroniseringa manuelt.
Spørsmål om ProfitTracker og Xero
Må eg byte ut Xero?
Nei. Xero er framleis rekneskapssystemet ditt. ProfitTracker handterer prosjektøkonomien ved sida av.
Kva får eg i tillegg med ProfitTracker?
Prosjektbudsjett, innkjøpsordrar, salsordrar og fakturering i éin arbeidsflyt. Du følgjer venta resultat og kontantstraum basert på påløpte, opne og planlagde kostnader.
Korleis koplar eg systema saman?
Tilkoplinga gjer du frå ProfitTracker, og du loggar inn i Xero for å godkjenne ho. Oppstartshjelpa er gratis, så vi kan gjere det saman med deg.
Kva slags informasjon blir synkronisert?
Kundar, leverandørar, kontaktpersonar, produkt og innbetalingar blir synkroniserte begge vegar. Prosjekt, kundefakturaer og kreditnotaer blir overførte til Xero, og timar blir henta frå Xero. Sjå heile oversikta over.
Kor ofte blir data synkronisert med Xero?
Automatisk éin gong i døgnet, og kvar gong du trykkjer Synkroniser no. Det du registrerer i ProfitTracker, er med i prosjektoversikta med ein gong.
Kan eg få hjelp med oppstarten?
Ja. Oppstartshjelpa er gratis, og vi går gjennom tilkoplinga og oppsettet saman med deg.
Korleis fungerer den gratis prøveperioden?
Du kan prøve ProfitTracker gratis i 14 dagar, utan betalingskort. Etter prøveperioden vel du sjølv om du vil halde fram.
Sjå marginane før prosjektet er ferdig.
Ingen betalingskort. Hald fram med Xero.